NBUtipset.no
Nye norske barne- og ungdomsbøker

Om NBUtipset

NBUtipset.no driftas av Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere (NBU). NBU er foreininga for barne- og ungdomsbokforfattarar i Noreg. Ingelin Røssland er redaktør for NBUtipset.no og redaksjonen for tipset er samansett av leiar i NBU, Taran Bjørnstad, nestleiar, Mari Moen Holsve og administrasjonsleiar, Ellen Liland.

 

NBUtipset.no er ein plattform for ny norsk barne- og ungdomslitteratur. Nettsida har korte presentasjonar av alle nye norske barne- og ungdomsbøker utgitt på seriøse forlag. Det er ikkje et krav at bøkene er innkjøpt av kulturrådet.

Alle bøkene blir presentert etter same mal, utarbeida av redaksjonen for NBUtipset.no, og presentasjonen blir skreve av forlaga bøkene er utgitt på. Redaktøren ser over stoffet som har kome inn, sjekkar at det held seg innanfor formatet og redigerer før dei blir lagt ut på sidene.

Målet er rett bok til rett lesar.

Det er lett å finna bøker sortert etter alderskategoriane:

Smårolling: 0-6 år

Barn: 6-10 år

Mellombarn: 10-13 år

Ungdom: 13-15 år

Ung voksen: 15-20 år

Allalder: 0-100 år

 

Kvart boktips byrjar med setninga «Denne boka passar for …», og du kan også søka på lista over stikkord. Er du ute etter historiske bøker og romanar så klikkar du på «Historisk» og du kjem til ei oversikt over alle bøker med historisk innhald. Det same gjeld om du for eksempel vil ha ei liste over alle bøker utgitt i år 2018, då klikkar du på «Utgitt 2018». Du kan også søka på målføre «Nynorsk» eller «Bokmål».

Utover boktipsa finns det også NBUtipset TEMA og NBUtipset FORFATTARMØTE. Kvar månad har vi eit tema eller ein sjanger som vi set søkelyset på. Det er ein kort introduksjon av temaet og i regelen fire forfattarintervju. Alle forfattarane som blir intervjua er på kvar sin måte ekspertar på månadens tema.

På sidene finns det også ei oversikt over litteraturprisar. Viss du er ute etter prisvinnande bøker og forfattarar, så er dette menyvalet ein god plass å leita.

Forlaga NBUtipset.no samarbeidar med for å laga boktipsa er følgjande:

Aschehoug

Cappelen Damm

Ena Forlag

Fontini Forlag

Gyldendal Norsk Forlag

Kagge Forlag

Magikon Forlag

Mangschou Forlag

Omnipax

Det Norske Samlaget

Vigmostad&Bjørke

Wigestrand Forlag

 

Andre små forlag:

Hanna Frimann Forlag

Piggsvin Forlag

Tussilago Forlag

 

Det er umogleg å oversikt over alle små forlag i landet, så veit du om eit lite forlag som gir ut barne- og ungdomsbøker, eller gir ut bøker på eige forlag, ta gjerne kontakt, så vurderer vi frå tilfelle til tilfelle om boka får ein plass på sidene. Det generelle kravet er at boka skal ha vore gjennom ein redaksjonell prosess både med tanke på innhald, struktur og språkvask.

Tips, spørsmål og andre kommentarar kan du senda til:

redaktor(@)nbuforfattere.no

Ingelin Røssland. Foto: Joar E. M Klette, Cappelen Damm

 

 

 

 

 

 

Ansvarlig redaktør: Taran L. Bjørnstad
Redaktør: Ingelin Røssland

E-post: redaktor@nbuforfattere.no

Telefon: (+47) 22 47 85 70

Postadresse: Postboks 261 Sentrum, 0103 Oslo